Springsteen forum
 
=> Not registered yet?

Her kan man diskutere alt innenfor temaet Bruce Springsteen.

PS! Ønsker man å legge ut linker som skal være trykkbare gjøres dette slik:
I stedet for kun å legge ut linken, som man må kopiere og lime inn i adressefeltet, kan man sette inn en kode i forkant og etterkant av linken.
Disse kodene er [url] og [/url].

Eksempel:
[url] linken som skal brukes [/url]
Når man poster innlegget, forsvinner [url] og [/url] og kun en aktiv link vises.


Springsteen forum - Greetings From Asbury Park NJ - 1973

You are here:
Springsteen forum => Plate anmeldelser => Greetings From Asbury Park NJ - 1973

<-Back

 1 

Continue->


badlandso
(181 posts so far)
04/07/2007 4:32pm (UTC)[quote]
Skrevet av: Oddmund Berge (4/7)

Det er noko uforløyst over Bruce Springsteen sin debut som plateartist. Han har mykje på hjerte, i alle fall ein god del meir enn dei ni sangane, med ei samla speletid på 37 minutter, heilt maktar å favne over. Ordene kjem i eit tempo og ei mengd som eg vil tru få klarar å absorbere, slik tenderer det for ofte meir mot oppramsing enn genuin samklang mellom ord og tonar. Det blir jævlig travelt når bandet på sitt lause karnevalistiske vis prøver å følge Springsteen sine vokale tirader. Ikkje for det, av og til fungerer dette tilsynelatande sleivete samspelet, og utfallet blir ganske så sjarmerande. Men i litt for stor grad blir resultatet meir av det frustrerande ufokuserte og kraftlause slaget. Og kun unntaksvis finn vi dynamikken som kjenneteiknar Springsteen på dei fem store platene som følger etter Greetings From Asbury Park NJ.

Innspelingen blei gjort i ein periode der Columbia Records visstnok var på jakt etter artistar som kunne ta opp arven etter Bob Dylan. Mange var det som fekk merkelappen "den nye Dylan" klistra i panna, men det var få som hadde utbytte av det (ingen, for å være meir nøyaktig). Springsteen slapp heller ikkje unna denne ublide skjebnen. Og sjølv om temaene i sangane er ganske så forskjellig frå Dylan, kan ein høyre spor av Dylanske fraseringar i låtar som Does This Bus Stop At 82nd Street?, og i Subterranean Homesick Blues-slektningen Blinded By the Light. Sistnevnte er for øvrig ein av høgdepunkta. Her klarar Springsteen å kombinere entusiasme med velklang i nokre rimkombinasjonar som kan ta pusten frå ein.

Ellers kan ein høyre elementer både frå Dylan-kompisane i The Band, og ikkje minst frå Van Morrison-utgjevingar som Astral Weeks og Moondance, sjølv om han ytterst sjelden streifar storheten til desse. Det må i så fall være på Growin' Up, ein Springsteen-klassikar om oppvekst, pubertale bekymringar og utopisk frihetssøking.

"I stood stonelike at midnight suspended in my masquerade,
I combed my hair till it was just right and commanded the night brigade."

Ein endå betre versjon av denne er for øvrig å finne på live-boksen frå 1986. I eit opptak frå eit svett Roxy i 1978, er den faktisk eit av høgdepunkta på den 5 LPer fyldige boksen. På samme boks, og frå samme konsert, finn ein også ganske så drivande versjonar av både Spirit In the Night og It's Hard To Be a Saint In The City, som beviser at Greetings From Asbury Park NJ innspelingane nok ikkje yter låtane full rettferdighet.

Ser vi bort frå nevnte Blinded By the Light og Growin' Up er det dei to relativt spartanske balladane The Angel og Mary Queen of Arkansas eg tykkjer mest om, den siste kan ein sjå på som ein forløpar til klassiske Springsteen-ballader som 4th Of July, Asbury Park (Sandy) og The River. For sjølv om dei resterande låtane nok har sitt potensiale, får eg ein følelse av at Bruce her blir ein rock'n'roller som febrilsk prøver å komme ut av klærne til ein visesangar, klær som han har fått tredd på seg ved ein feiltakelse.

voodoo71
(2 posts so far)
04/08/2007 8:30am (UTC)[quote]
På denne platen står Lost In the Flood og Mary Queen of Arkansa som mine favoritter, men synes egentlig ikke det er en dårlig låt på plata. Spesielt det litt dramatiske arrangemanget i Lost In the Flood er storslagent.

Får 5/6 hos meg



Total topics: 692
Total posts: 1815
Total users: 1516
Online now (registered users): Nobody crying smiley
 
  Copyright Badlandso (mars-2007)