Springsteen forum
 
=> Not registered yet?

Her kan man diskutere alt innenfor temaet Bruce Springsteen.

PS! Ønsker man å legge ut linker som skal være trykkbare gjøres dette slik:
I stedet for kun å legge ut linken, som man må kopiere og lime inn i adressefeltet, kan man sette inn en kode i forkant og etterkant av linken.
Disse kodene er [url] og [/url].

Eksempel:
[url] linken som skal brukes [/url]
Når man poster innlegget, forsvinner [url] og [/url] og kun en aktiv link vises.


Springsteen forum - The Essential - 2003

You are here:
Springsteen forum => Plate anmeldelser => The Essential - 2003

<-Back

 1 

Continue->


badlandso
(181 posts so far)
04/07/2007 3:53pm (UTC)[quote]
Skrevet av Oddmund Berge (5/7)

I den stadig veksande serien av Essential-utgjevingar frå Sony, er turen nå komme til Bruce Springsteen. Det er ein dobbel ein som inneheld 150 minuttar med musikk, pluss ein bonus-CD med raritetar. Som tilfellet er med dei fleste i samme serien, blir spørsmålet om dette så er det mest essensielle. Springsteen gjer i sine liner notes eit forsøk på å avvæpne ei slik problemstilling; "In any body of work there are obvious high points. The rest depends on who's doing the listening. Where you were, when it was, who you were with when a particular song or album cut the deepest". Likevel, du kjem deg ikkje unna, mann.

Prime time Springsteen er perioden frå The Wild, the Innocent & the E Street Shuffle fram til den heimalaga og sordinerte Nebraska såg dagens lys i 1982. At denne epoken får tildelt det meste av CD1 er sjølvsagt eit absolutt minimum. At den heller ujevne debuten Greetings From Asbury Park N.J. får boltre seg med tre sangar er derimot litt i overkant. Det kunne strengt tatt helde med ein låt herifrå, nemlig den hormontette og blendande Growin' Up, men den er merkelig nok ikkje tatt med. Istaden får vi Blinded By the Light, For You og Spirit In the Night, ikkje dårlige låtar, men heller på ingen måte essensielle kutt. Frå spor fire til spor 15 derimot, er dette, med eit unntak, ein samanhengande straum av Springsteen-høgdepunkt, eit knippe av rockehistorien sine mest vitale øyeblikk, ein rock'n'roll-fest, rett og slett. Unntaket, for å ta det først, er hitten og allsang-tiltaket Hungry Heart, som eg aldri har følt noko særlig dragning mot.

Frå svermeriske The Wild... får vi servert den vakre balladen 4th of July, Asbury Park (Sandy), samt den lausslupne rockaren Rosalita (Come Out Tonight), eit glansnummer frå mang ein Springsteen-konsert. Eg hadde ikkje hatt noko imot om det rikhaldige opuset Incident On 57th Street også hadde fått plass her. Neste plate ut er den vegg-til-vegg produserte rocke-odysséen Born to Run. Fortsatt er det ein romantisk anlagt Springsteen vi møter, men samstundes kjem her og erkjenningar om at "maybe we ain't that young anymore" og "the door's open but the ride it ain't free". Sitata er henta frå Thunder Road, ein legendarisk rock'n'roll tur ut av Jante med eit sterkt håp om å vinna førsteprisen; "So Mary climb in, it's a town full of losers, and I'm pulling out of here to win". Fyren i det frenetisk temposkiftande og ikkje så lite fantastiske tittelkuttet tyr i si rastløysa til formålslaus bilkøyring, men har og ein vag draum om at; "someday girl I don't know when we're gonna get to that place, where we really want to go". Den episke rock'n'roll operaen Jungleland er tredje sak frå Born to Run, eit absurd drama i tre akter blant angstridde, tvilsomme og sjarmerande individer som dansar dødsvalsen i overoppheita gater:

Between flesh and what's fantasy
and the poets down here don't write nothing at all
they just stand back and let it all be
and in the quick of the night they reach for their moment
and try to make an honest stand
but they wind up wounded
not even dead...
Tonight in Jungleland.

Hardkokt poesi. Og sjølvsagt burde desperate Backstreets også vore med.

Mannen sin aller største bedrift er 1978-utgjevinga Darkness On the Edge of Town. Den har også fått med tre kutt. Den sviande og fryktlause Badlands kjem først. Ein melodisterk sak full av poetisk glød og med eit dynamisk driv som sparkar mismotet midt i ballane. Det er ein langt meir desillusjonert Springsteen vi møter denne gangen. Tittelkuttet er ein inderlig pulserande ballade om fyren som har mista alt, og har ingen forhåpningar om å vinne noko som helst tilbake. Han velger derfor å betale sitt avlat, og sonar der ute i mørkret på stupet av tilværet. Eit pågåande munnspel driv den heftige og innbitte Promised Land framover. Om den unge mannen som bit tenna saman og prøver å overbevise seg sjølv om at ein plass finst det eit bedre liv. Det er vel liten tvil om at både Adam Raised a Cain og Racing In the Street også skal ha plass på alt som vågar å kalle seg Essential Springsteen.

Hausten 1980 kjem dobbeltalbumet The River. Eit album som er meir komplekst i sine temaer enn dei føregåande. På den eine sida møter vi fortsatt dei desillusjonerte, dei tvilande og dei tungsindige, men her er og gitt plass til meir lettliva og optimistiske syn på tilværet. Det er likevel ingen tvil om at sangane som tilhøyrer førstnevnte kategori kjem best frå det. Og aller best er det velkjente tittelkuttet. Forpinte munnspeltonar drar denne vemodige balladen i gang. Her møter vi det unge paret som har fått livet sine barske realitetar midt i trynet. I det retrospektive sisteverset stiller hovedpersonen seg spørsmålet; "Is a dream a lie if it don't come true", og det er då ein for alvor kjenner igjen skikkelsen som så kjekt skulle "pulling out of here to win" i Thunder Road. Tiltaket blei kanskje ikkje så seiersrikt likevel. Sammen med før nevnte Hungry Heart er dette den einaste låta frå The River som har fått plass på denne samlingen. Eg kunne også godt tenkt meg den melankolske, men akk så vakre far/son saken Independence Day. Frå eit album der balladane gjer djupast inntrykk kunne og spor som Point Blank, Drive All Night, Stolen Car og Wreck On the Highway absolutt vore aktuelle å plukke blant.

Så, idet mannen er i nærleiken av eit massivt kommersielt gjennombrot, gjer han ut ei plate med demo-innspelingar, og insisterer på at den er like offisiell som hans fem tidlegare studioalbum. Åleine, heime på kjøkkenbenken utstyrt med eit par gitarar, eit munnspel, stemma si og ein firespors bandopptakar spelar han inn låtane som skal bli til albumet Nebraska. Definitivt modig, definitivt vellykka. Kommersielt sett er det vel ingen stor suksess, men kunstnarleg er det eit av Springsteen sine aller beste album. Kun to kutt herifrå har fått plass på denne samlingen. Tittelkuttet er ein desperat og nådelaus ballade om paret som gjennomfører eit meiningslaust mordar-raid. Orda i sangen er lagt i munnen på drapsmannen, og viser fram ein forherda skikkelse som ikkje har funne nokon som helst grunn til å respektere verken sitt eige eller andre sitt liv; "I can't say that I'm sorry for the things that we done, at least for a little while Sir, me and her had us some fun". Springsteen gjer ingen forsøk på å pynte på kjensgjerningane, brutalt og usminka lar han skakk-køyrde, desperate og fortvila skikkelsar frå vrangsida av den amerikanske draumen få komme til orde. I albumet sin beste låt, den melodisikre og heite Atlantic City, møter vi ein motlaus fyr som på grunn av at han har "debts no honest man can pay", tyr til gambling og i neste omgang lovbrot for å komme seg ut av uføret. Han ser likevel det tvilsame med å la seg drive inn på eit slikt spor, og prøver å overbevise seg sjølv og sin kjære om at det finst eit liv og ein ny sjanse på den andre sida av forbrytelsen; "Well I guess everything dies baby that's a fact, But maybe everything that dies someday comes back". Det er naturligvis ein skam at den avsindig triste balladen Highway Patrolman ikkje er med her, likeins kunne det godt blitt avsett plass til både spartansk rockande Johnny 99 og den mørke State Trooper.

"Boooorn In the USA". Slik lydde det overalt sommaren, hausten 1984 (og for så vidt langt inn i 1985). Bruce er for alvor blitt stadionrockaren framfor nokon. Den maksimale suksessen er spikra, og dens navn er Born In the USA. Tittelkuttet høyrer egentlig til Nebraska-avsnittet, då var den ein bitter Guthrie inspirert folkblues sak (den er å høyre i ein slik versjon på outtakes-samlinga Tracks). I sin mest kjente utgave er den imidlertid eit keyboard- og gitardreve rockenummer med ein veldig datert 80-tals lyd. Sjølv om den tekstmessig er meint som eit angrep på det etablerte Amerika, sett gjennom augene på ein svikta Vietnam-veteran, blei den dessverre noko heilt anna. Springsteen sjølv gjorde vel i sin stadionrus heller ikkje så altfor mykje for å fjerne seg frå oppfatningen av låta som ein tilnærma nasjonalsang. Glory Days er ein midt i vegen rockar, tjomsleg og grei, men lite engasjerande. Dancing In the Dark er meir av det samme, berre endå kjedeligare. Nei, gje meg heller intenst kåte I'm On Fire, den einaste låta frå plata som hadde fortjent plass her. Jadå, eg veit at albumet har flust av hitlåtar, og eg veit det er mange som ser på plata som mannen sin beste. Men i mine auger er den temmelig ordinær.

Midt oppi Born In the USA ståheien giftar Springsteen seg med b-skodespelaren Julianne Phillips. På plata som dukkar opp i 1987, Tunnel of Love, er det mykje som tyder på at mannen begynner å tvile på heile giftemålet. Og til låtar kledd i ei meir beskjeden sonisk drakt enn 1984 utgåva syng han om kjærleik, tvil og freistingar. Tittelkuttet samt førstesingelen Brilliant Disguise er valgt ut derifrå og flyt av gårde i eit keyboard-dominert lydbilde, men klarer ikkje å trenge skikkelig under huden. Personleg ville eg nok heller føretrekt den vakre og håpefulle Tougher Than the Rest, samt den nakne og langt meir resignerte One Step Up.

Springsteen blir skilt og finn den ekteskapelige lykke saman med kordama Patti Scialfa. Desse gode dagane og eindel andre ting syng han om på dei simultant utgitte albuma Human Touch og Lucky Town. Bortsett frå eit velretta stikk til alle dei dårlige TV-kanalane, 57 Channels (And Nothin' On), ein låt som sjølvsagt ikkje har fått plass på samlinga, har han svært lite å by på. Dei to tittelkutta og Living Proof som er valgt ut, er ganske bleike og kjedelige affærer alle tre. Året etter lagar han filmmusikk. Og den fine låten til Tom Hanks-filmen Philadelphia vinn endåtil ein Oscar.

Ved neste korsvei har Springsteen flytta seg nærmare temaer han hadde føre seg i sine glansdagar. Plata vi snakkar om er den neddempa, sosialrealistiske og John Steinbeck-inspirerte The Ghost of Tom Joad. Dessverre framstår den i ei litt for einsformig og stilleståande drakt, så den store gnisten klarar han ikkje å tenne med dette albumet heller. Sterkt påvirka av tragedien den 11. september leverer han seinsommaren 2002 albumet The Rising. Men den store oppstandelsen er det slett ikkje. Ein heller middelmådig affære utan ein einaste låt som kallar på særlig interesse. Likevel meiner tydeligvis Bruce og Sony at tre av låtane kan kallast essensielt stoff. Nei, då er det langt meir schwung over låta han laga eit par år tidlegare, men som ikkje fekk plass på The Rising. American Skin (41 Shots), her i live-tapning, er ein sterk og intenst gripande sak om unge og mørkhuda Amadou Diallo som brutalt og heilt meiningslaust fekk kroppen fylt med tilsaman 41 kuler frå pistolane til fire New York politimenn. Grunn: Han stod i ein døråpningen med handa innanfor jakka for å hente fram lommeboka si. Den beste låta Springsteen har laga sidan kjøkkenbenk-seansen i 1982.

I 1998 gav Springsteen ut Tracks, ein boks med 67 tidlegare ikkje utgitte låtar. Det er tydeligvis meir slikt som ligg rundt og sleng, for han har fylt opp ein bonus-cd her med 12 songar av samme kategori. Det meste er nok kun av interesse for innbitte fans. Men From Small Things (Big Things One Day Come), låta han i si tid gav til Dave Edmunds, er ein straight liten fin rock'n'roll sak. Endå bedre er det spartanske rockabilly-nummeret The Big Payback, ein blodtørstig sak gjort like etter Nebraska-innspelingane. Mørk, og avgjort verknadsfull er også Springsteen sitt bidrag til filmen Dead Man Walking. Og mannen sin versjon av Jimmy Cliff-låta Trapped, som i si tid var med på We Are the World-albumet, er heller ikkje ueffen.

Konklusjon: Alt i alt er det for mange merkelige prioriteringar på denne samlingen til at den gjev det rette bildet av Springsteen sine beste øyeblikk. Strengt tatt treng vi vel heller ikkje ein slik sak for å dokumentere dei. Den essensielle Springsteen er stort sett å finne på The Wild, the Innocent & the E Street Shuffle, Born to Run, Darkness On the Edge of Town, The River og Nebraska. Resten av mannen sin karriere er temmelig middelmådig, med enkelte små lyspunkt innimellom.



Total topics: 692
Total posts: 1815
Total users: 1506
Online now (registered users): Nobody crying smiley
 
  Copyright Badlandso (mars-2007)